Om Oss
Eit godt byggeprosjekt startar med eit solid fundament. Derfor produserer Nordfjord Betong AS fabrikkblanda betong av høg kvalitet – tilpassa behova i både små og store prosjekt.
Nordfjord Betong AS vart stifta i september 2018, og har base på Løkjaneset i Nordfjord. Vi leverer alle typar fabrikkblanda betong til våre kundar. Med høg fagkompetanse, god produksjon og fokus på kvalitet sørgjer vi for at du får rett betong til rett tid.
Hos Nordfjord Betong får du meir enn betong – du får ein erfaren samarbeidspartnar som er oppteken av kvalitet, service og leveransar du kan stole på.
Fram til våren 2026 var selskapet i si heilheit eigd av Lefdal Invest. Då kjøpte Vågegruppa 50 prosent av selskapet, og Nordfjord Betong vart ein del av Vågegruppa. Lefdal Invest eig dei resterande 50 prosenta.
Gjennom fleire tiår har konsernet bygd sterke fagmiljø og skapt trygge arbeidsplassar i regionen. Med moderne utstyr, dyktige medarbeidarar og stek lokal forankring er Vågegruppa ein viktig bidragsytar til utviklinga av Nordfjord og Sunnmøre. Nordfjord Betong er stolte av å vere ein del av Vågegruppa.
Kontaktinformasjon
Nordfjord Betong AS
Naustdalsvegen 117, 6773 Nordfjordeid
ORDRETELEFON
57 86 04 24
Carsten Jørgensen
carsten@nordfjordbetong.no
97 63 62 76
Vi har godkjenning fra Kontrollrådet.
Vi er medlem av Fabeko.
Kontakt oss
Eigarar
Org.nr. 921 439 040
Lefdal Invest AS
TELEFON:
57 86 04 24